Pasta med pesto, bacon & avocado

20170215-DSC_6111-1000x620.jpg

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Pestoen frå Helios er god på smak og knallfin i fargen. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg middag som står på bordet straks pastaen er ferdigkokt. Og det tek ikkje mange minutta!


OPPSKRIFT

4 porsjonar / Tid: 15-20 min

  • 300-400 g tagliatelle pasta
  • 1 glass Helios grøn pesto
  • 1-2 avokado
  • 100 g bacon
  • 1 dl pinjekjerner
  • 2 ss Helios olivenolje
  • Salt til kokevatnet
  • Riven parmesan på toppen
  • Frisk basilikum

Kok opp ei stor kasserolle med vatn. Ha i 1 ts salt per liter vatn.
Kok pastaen til den er al dente, les på pakningen for å finne ut kor lenge det tek med din type.
Rist pinjekjernene i ei tørr steikepanne, slik at dei får litt farge.
Steik baconet til det er sprøtt og set til side.
Hell av kokevatnet på pastaen og rør inn olivenoljen.
Vend inn pesto i pastaen og så baconet og avokadoen.
Topp pastaen med pinjekjerner, basilikumblader og riven parmesan. Velbekomme!

tone skretting